© Sverre Lillegraven

 


 Vossekyrkja i 1862.

Fotograf: Marcus Selmer
Biletet er truleg eit av dei eldste frå Voss. I Vossaboki av Lars Kindem er det ein reproduksjon av dette fotografiet. Ovanfor har eg kopiert frå boka: "Pas nu paa! Nu tar jeg fra Hullet!" av Roger Erlandsen. Det er ei bok om fotografering i Noreg frå 1839 til 1940. Fotografen av biletet, Marcus Selmer (1819 - 1900), var opphavleg dansk og utdanna apotekar. I 1839 oppfann franskmannen Daguerre den fyrste måte å fotografere på, og teknikken fekk namn etter han. Selmer byrja tidleg å ta bilete med daguerreotypi-teknikken. Han kom til Bergen i 1852, og vart ein leiande fotograf i Noreg. Fotografiet overfor er teke med såkalla våtplater. Desse platene vart etter fiksering til ein negativ versjon, slik at fotografen seinare kunne laga fleire papirkopiar.