© Sverre Lillegraven

 



1950 Riving av lagerbygning til Voss Handelslag:



Fotografia er utlånt av Reidar Ringheim
Har du merknad, eller informasjon om bileta; ver venleg ta kontakt på fotogran@online.no
Bileta er frå 1950 og viser rivinga av eit sentralt hus på Vangen: lagerbygningen til Voss Handelslag. På det hjørna ein ser på det øvste bilete, ut mot Hestavangen, hadde Anfinn Stalheim sportsbutikk. Før den tid skal Vossestrand Meieri ha hatt mjølkeutsal her. Hellene på taket vart teke vare på, og på det neste biletet tek karane i mot hellene når dei kjem ned sklia. Endringa frå eit til to gatelaup på Vangen var ein av grunnane til rivinga av bygningen. Den nye Vangsgata vart mykje breiare enn den gamle Vossegata. For å gjeva plass måtte hovudbygningen til Voss Handelslag flyttast ni meter bakover. For å rydda veg, måtte lagerbygningen rivast. Les meir om flyttinga av husa her.