|
© Sverre Lillegraven

| |
Gudims Pensjonat og Ungdomshallen hallen ca 1905:

Fotografiet er utlånt av Jon Kolskår
Bygningen til venstre er tidlegare Kjellers Hotell
som stod mellom Fleischer's Hotell og Jernbanehotellet.
Det var fyrst bygd i 1885 av Sjur Fadnes og Steffa Ullestad som bustadhus. Etter
nokre år som hotell med skiftande eigarar og ein konkurs, vart Sjur Fadnes på
nytt eigar i 1890. Han flytte då huset til plassen her på Hestavangen. Kort tid
etter selde han huset til Karl Larsen og gravensaren Lars Larsson Haugsnes. I
1900, etter ei rekke med leigetakarar og
eigarar, vart eigedommen kjøpt av Gabriel Gudim. Kona hans dreiv pensjonat i
øvste delen av huset, medan fyrste etasje var bortleigd til AL Voss Avhaldskafé.
I 1914 kjøpte AL Voss Avhaldskafé bygget.
Bygningen til høgre er Voss Ungdomshall, som i 1896 vart bygd av De unges
Forbund. Dette laget skifta i 1899 namnet til Voss Ungdomslag. Fleire
opplysningar om desse husa kan ein finna i artikkelen "Om Forsøget på
Vossevangen" av Peder Ringdal i "Gamalt frå Voss", årgang 2005.
|