© Sverre Lillegraven

 



Ammunisjonslager 1940:

Fotografiet er utlånt av Sigrid O. Een

Eg har fått tilgang til biletet gjennom Reidar Ringheim. Han har også sendt med fylgjande opplysningar om biletet:

"Våren 1940 på Flatekvål.  Hjå Brita og Olav L. Een hadde dei militære
fått lagra ein god del ammunisjon i løebygningen, denne ligg nære
riksvegen så det var lettvint å koma til. At det kunne vera ubehageleg
for dei som budde i stovebygningen tok vel ikkje militære så
høgtideleg.  I stovehuset budde Brita og Ola med familien, tilsaman 8
personar og frå Bergen hadde det kome to familiar, heilt ukjende som
hadde flykta, og dei fekk både husrom og mat. Folk er snille når nokon
kjem i trøngda.    
Det var eit  tilsvarande  ammunisjonslager på Løne, det vart bomba og
skote på av tyske fly og heile lageret gjekk i lufta. På Flatekvål fekk
dei beskjed om å røma garden. Også folk i nabolaget rømde opp i skogen.
Då dei tyske hadde overteke på Voss vart lageret henta og folka på
garden kunne pusta letta ut, det hadde gått bra!
Karen som står med ryggen til heiter Lars O. Een, son på garden.
Ungdomane som står attmed bilen er Magne Saue og Trygve Ringheim, dei to
små er rømlingar, Leif og Odd Gjendemsjø."