|
© Sverre Lillegraven

| |
Barakke med Voss Bokhandel i 1940-åra:

Fotografiet er utlånt av Reidar Ringheim
Har du merknad, eller informasjon om biletet;
ver venleg ta kontakt på fotogran@online.no
For å få ting til å fungera att, vart det mange naudløysningar på Vangen
etter bombinga i april 1940. Dei fleste som dreiv med handel eller andre
verksemder, fekk sett seg opp midlertidige bygg og barakker. Ikkje berre var det
mangel på byggevarer, men det vart også tidleg klart at det var aktuelt med eit
heilt nytt gatemønster. Det var difor naudsynt å venta med meir permanente
bygningar. Med den nye planen kom det mellom anna to gjennomgåande gatelaup, i
staden for det eine tidlegare, Vossagata. Dette førte til at ein del huseigarar
fekk ny tomt på heilt andre stader på Vangen enn der dei tidlegare hadde halde
til. Døme på dette er Rokne jernvarehandel og kjøpmann Johs. Vangen. Nokon som
ikkje måtte flytta serleg langt var Voss bokhandel. Men i fylgje Reidar Ringheim
stod barakka på biletet meir der som butikken til Rokne er no. På bilete ser ein
til venstre Sigvor Ullestad, til høgre Henny Ganderud.
|