|
© Sverre Lillegraven

| |
Flage bru:

Dette biletet har eg fått frå Reidar Ringheim
Då eg spurde Reidar om han viste kvar biletet var teke, fekk eg tilsendt
fylgjande opplysningar:
"Banevaktaren er her på inspeksjon frå Bulken mot
Seimsgrend, som er fyrste stoppen. Me ser Vosso og Flagabrua. Denne linja var
nokså lei på vintersdag, med mykje is i berget og svingen på linja var nokså
skarp ved brua. For vel 50 år sidan laga dei ny tunell mellom stasjonen og brua,
tunellen går i stor båge inn i fjellet og kjem beint ut på brua slik at dei kan
bruka meir fart. Det er ein liten kurositet med den gamle linja mellom
Seimsgrend og Bulken. Dei hadde ikkje veg til Seimsgrend, dei bruka båt over
vatnet, eller gå langs jernbanlinja, men skulle dei gå linja måtte dei løysa
Gangbillett. Frå boka "Vossamålet i ord og vendingar" av Eirik Røte kan ein
lesa: "Gangbillett, billett som gav folk rett til å gå langs jernbanelina der det
ikkje var togstogg og heller ikkje veg. Det galt m.a. oppsitjarane på Seim i
Vestbygdi til dess dei fekk togstogg kring 1936. Billett som galt 1 år kosta kr.
5". Og så litt om den fyrste smalspora brua over Vosso, det vart gjenbruk og
den vart flytta til Bolstad, der ho fortsatt er i bruk frå stasjonen og over
elva, også for bilar!"
Takk til Reidar Ringheim for biletet og informasjonen.
|