© Sverre Lillegraven

 


Fleischer's Hotel ca. 1889

Fotografiet er eigd av Sverre Lillegraven
Fotograf: Axel Lindahl. Fotografi nr. 2394
Biletet er teke i 1889, same året som hotellet var bygd. Fredrik Fleischer kjøpte alt i 1865 eigedommen der hotellet no står, og sette same året opp eit mindre hotell. Fyrste del av den bygningen var flytta dit frå Eimstad. Etter Vossebana var ferdig, i 1883, auka mengda med reisande, og nokre år seinare tok Fredrik Fleischer til å planlegga eit større hotell. Peter Blix fekk i oppdrag å teikna hotellet, som stod ferdig mai 1888. Men 13 dagar etter opninga av hotellet brann det ned til grunnen.

Fredrik Fleischer hadde spart seg kostnaden med brannforsikring, og trudde ei  tid etter brannen at han kom til å gå konkurs, heilt til kona Magdalena fortalde at ho hadde ordna med forsikring. Det er sagt at Fredrik i mellomtida hadde arva ein del peng. Arkitekt Blix teikna difor eit vesentleg større hotell, som stod ferdig året etter, i 1889. Dette hadde soveplass til 95 gjester i 65 rom, og hadde to baderom.