© Sverre Lillegraven

 


Den fyrste elektriske lastebilen på Voss:



Eigar av fotografia overfor: Maria Møen
(Teksten nedanfor er endra i høve til teksten som fyrst vart lagt ut 16.12.2010. Eg hadde der teke med ein del informasjon frå jubileumsboka til NAF frå 1981. Der er det opplysningar om bilane på Møen som ikkje er heilt presise. Takk til Gunnar Hemre Ringheim, som hadde vore innom nettsida, og som har sendt korrigerande og utfyllande opplysningar.)

Begge bilete viser den fyrste elektriske lastebilen på Voss. Den hadde registreringsmerke R-148, og var av merket General Vehicle. Bilen vart kjøpt i 1919 av Anders K. Møen. Han var ein føregangsmann på mange område. Lastebilen var driven av to elektriske motorar. Det var ein motor for kvart bakhjul, og krafta vart overført med kjededrift, som ein kan sjå på bileta. Kvar motor hadde tre store blyakkumulatorar. Denne bilen var i drift til 1931.  Mannen på lasteplanen er Knut Takla. Stor takk til Magnar Bakkatun som formidla ei rekke gamle fotografi frå Møen, og som har gjeve opplysningar om fotografia. Fleire av desse vert lagt ut på denne sida etter kvart.

A. K. Møen kjøpte ein elektriske lastebil til i 1922. Denne var av merket Ward, og hadde registreringsmerke R-227. Ein kjenner ikkje til fotografi av denne bilen. Bilen var i drift til 1928, då A. K. Møen kjøpte sin fyrste bensindrivne lastebilen, ein Ford. Den fekk same registreringsmerke som Ward'en, R-227. 

A. K. Møen dreiv stort med hellebergsdrift, og bilane vart brukt til å frakta ut heller av ymse slag. For det meste til jernbanestasjonen på Vangen, der eit stort område var avsett til opplastingsområde for helledriftene på Voss. Då Hardangerbana vart bygd vart dette området endeplassen for den nye bana. A. K. Møen leverte også heller på kaien på Eide, for omlasting til båt. Men med last vart desse lastebilane svært tunge. Dei rekna med at brua ved kyrkja i Granvin ikkje ville tåla vekta av bilane. Hellene vart difor lasta av ved kyrkja, og frakta vidare med andre transportmiddel, truleg med hest og kjerre.

For å kunna lada opp akkumulatorane bygde A. K. Møen eigen kraftstasjon, link her til ei side med bilete av kraftstasjonen. Frå kraftstasjonen var det linje bort til ein bygning nedanfor Møenshaugen, der batteria på bilane vart opplada.