|
© Sverre Lillegraven

| |
Hestavangen:

Foto utlånt av Reidar Ringheim
Fotoet er truleg frå 1920-åra. Etter at bøndene hadde levert mjølka på
meieriet, sette dei frå seg hestane her. Hestane fekk då tid til å ete litt frå
høysekken, medan karane gjerne tok seg ein kaffikopp på Avhaldskafeen. Her var
det ofte høve til ein prat med kjende og ukjende. Bygningane på rekka er frå
venstre: Enkeheimen, lagerbygningen til Voss handelslag og hovudbygningen til
Voss Handelslag, som tidlegare var Gjøstens Hotell. (30.08.09)
|