© Sverre Lillegraven

 


Hotel Opheim:

Fotoet er  utlånt av Knut Holven
Send gjerne merknad om biletet til: fotogran@online.no
Den store turisttrafikken på slutten av 1800-talet mellom Voss og Gudvangen føregjekk med hesteskyss. Det var ei reise som tok mange timar, og dei reisande hadde trong for både mat og losji under vegs. Driftige folk bygde difor hotel på strekkja for å kunna utnytta dette markedet. Det vart sett opp hotell på Tvinde, Vinje, Oppheim og på Stalheim. Rundt 1914 gjorde utbrotet av den fyrste verdskrigen at turisttrafikken frå utlandet nærmast vart borte.  Samstundes vart reisetida korta inn då biltrafikken utkonkurrerte hesteskyssen, og trongen for mat og kvile vart sterkt redusert. Difor vart hotellet på Tvinde og hotella på Oppheim lagt ned.

Frå Walter Thorsen har eg fått mail  der han opplyser at det var eit tredje hotell på Oppheim som heitte The Lady Brasseys Hotel. (Link til mailen her). Diverre har eg ikkje fotografi av dette hotellet. Dei to andre hotella ved Oppheimsvatnet var Hotel Opheim, som det er bilete av overfor, og Myhres Hotel på Framnes. Til venstre i biletet ser ein kyrkja på Oppheim, som vart bygd i 1871.