|

Foto: SL
Fotograf: Axel Lindahl
På Stalheim var det frå gamalt av ein skysstasjon. Det fyrste hotellet her vart
sett opp i 1885, då Joh. Andersen flytta hotellet sitt, som tidlegare stod
like ved Fleischer's Hotell på Vangen. Tre år
seinare tok svensken Albert Petterson over drifta. I 1890 tok han til å utvida hotellet,
og i 1892 stod det nye hotellet ferdig. Albert Petterson var ein føregangsmann på mange måtar.
Han fekk i 1892 bygd den fyrste kraftstasjonen på Vestlandet, ved Stalheimselva,
som gav straum til hotellet.Dette hotell var ein flott og stilig bygning, men det brann
ned til grunnen 20. februar 1900.
Alt i 1898 hadde ein ny eigar, Chr. Dinger, teke over hotellet. Hausten 1900 kjøpte han ut vegstrekninga rundt hotelltomta ved å byggja ein ny veg gjennom
Stalheimshaugen. Same hausten tok han også til med grunnarbeid og murar
til eit nytt hotell. Alt sommaren etterpå var arbeidet med hotellbygningen kome
så langt at det tok imot gjester, samtidig som snikkarane arbeidde på andre
deler av hotellet. Dette var stor bygning på 3000 rutemeter golvflate. Hotellet
var også ein svært flott og staseleg bygning, med eit karakteristisk
tårn. Men 1. november 1902 brann diverre også denne hotellbygningen.
Nok ein gong vert det flytta ein hotellbygning frå Vangen til Stalheimshaugen.
Denne gongen er det Meinhartz Hotell som vart teke ned og køyrt til Stalheim.. I likheit med
Jernbanehotellet var hotellet opphavleg plassert ved sida av Fleischer's
Hotell. Truleg stod dette hotellet ferdig på Stalheim i 1906.
I 1913 vart bygningen flytta 30 meter, og ein fløy vart bygd på. Jonsokaftan 1959
brann også dette hotellet.
Grunnlaget for hotelldrift på Stalheimshaugen var turisttrafikken til og
frå Gudvangen. I andre halvdel av 1840-åra var vegen opp Stalheimskleiva ferdig.
Det opna for ein stor turisttrafikk, i fyrste omgang mellom hamnene i Gudvangen
og Eide, seinare også til og frå Bergen, då Vossebana vart opna. Etter at det kom
hotell på Stalheim, var det også mange turistar som kom med båt til Gudvangen og leigde seg
hesteskyss til nedst i Stalheimskleiva. Derifrå gjekk dei opp til hotellet for lunsj og så
returnerte til båten i kveldinga. Ei tid var det også ein kafé midt i kleiva,
slik at dei gåande kunne få seg ein liten kvil med forfriskingar.
DET FYRSTE HOTELLET:

Stalheim Hotell ca 1885
Stalheim Hotell 1888
Stalheim Hotell ca 1888
DET ANDRE HOTELLET:

Stalheim Hotell 1892
Stalheim Hotell 1892
Stalheim Hotell 1892
Garden Stalheim med hotellet
DET TREDJE HOTELLET:

Stalheim Hotell 1902
Stalheim Hotell 1902
DET FJERDE HOTELLET:

Stalheim Hotell 1907 Stalheim Hotell 1913
Hotellet med Sivlebautaen

Stalheim Hotell 1936 Matsalen Stalheim Hotell
GUDVANGEN OG STALHEIMSKLEIVA:
Gudvangen 1892
Turistar i Gudvangen
Stalheimskleiva
VINTERTURISME PÅ STALHEIM:
Stalheim Hotell heldt i ein del år ope for vinterturistar. Rundt 1930
rigga dei opp eit enkelt skitrekk. Hotellet hadde ein Cadillac bil. Vinterstid
var ikkje bilen å sjå på vegen, men den var til nytte på anna vis. Cadillacen vart parkert med eine drivhjulet sperra og det
andre hjulet oppjekka. Dekket var bytta ut med ein påmontert trommel. Trommelen
drog eit tjukt tau som gjekk i ei lang sløyfe oppgjennom lia til ein endestasjon
med talje. Skituristane kunne dermed ta tak rundt
tauet og la seg dra oppover mot endestasjonen. Ein kreativ og tidleg variant av
dagens skitrekk!

Skidag på Stalheim 1
Skidag på Stalheim 2 Skidag på
Stalheim 3
Skitrekket
Skitrekket
|