© Sverre Lillegraven

 


Jernbanehotellet 1884:

Eigar av biletet: SL
Fotograf: Axel Lindahl. Fotografi nr. 326

Biletet over er utsnitt av eit fotografi som Lindahl tok i 1884. (Sjå heile fotoet her). Fotografiet var teke på den fyrste store turen som svenske Axel Lindahl  gjorde i Noreg. Året før, i 1883, vart den smalspora Vossebana opna. Til høgre i biletet ser ein jernbanestasjonen på Voss. Det litt luftige bygget over jernbanesporet var lokomotivstallen. Bak stasjonsbygningen kan ein sjå to kvite bygningar med utbygd veranda i to etasjar. Det som er nærmast jernbanen er det fyrste Fleischer's Hotel frå 1860-åra.  Verandatilbygget og den litt mindre kvite bygningen på denne sida av huset vart sett opp i 1872. Mellom dette huset og stasjonsbygningen ligg ein mindre, mørk, bygning. Det var bakeriet til Fleischer's Hotell. Litt attom bakeriet til høgre ligg den gamle stallen til hotellet.

Den kvite bygningen med veranda lengst vekke var Jernbanehotellet. Bygget var sett opp av Sjur Fadnes i 1883, men det var Joh. Andersen som dreiv Hotellet. Han merka konkurransen frå det meir innarbeidde Fleischer's Hotel, og drifta gjekk ikkje så bra. Sommaren 1884 tok engelskmannen Dr. F. Scarlett inn på hotellet, og Andersen klaga over lite gjester.  Dr. Scarlett, som nett hadde kome frå Gudvangen, rådde han til å starta opp med bevertning og overnatting på Stalheimshaugen. I mai 1895 hadde Andersen fått ordna med grunn og sett opp eit hotell på Stalheim med 18 rom. Det har vore sagt og skrive at det var Jernbanehotellet som Andersen flytta til Stalheim. Men det er ikkje rett, for same året sel Sjur Fadnes Jernbanehotellet til Ivar Iversen frå Bergen, som også får kjøpt grunnen under hotellet frå hovudbruket på Ullestad.

Alt same året går Ivar Iversen konkurs, og skifteretten tek over hotellet. Konkursbuet får A. P. Kjeller til å driva hotellet fram til 1887. Då vert det kjøpt av C. J. Johnsen, som skifter namn på hotellet til Johnsen Hotell. Han var ein særs flink hotellmann som dreiv hotellet godt, og fekk sett opp ein bygning frå baksida opp mot jernbanen. Men C. J. Johnsen døyr, og  i 1891  vart hotellet selt til C. A. Meinhardt, som kom frå Tyskland. Hotellet skiftar no namn att, og vart til Meinhardt's Hotell. I 1894 går Meinhardt fallitt, og kjøpmann E. Ellingsen i Bergen, som hadde kausjonert for Meinhardt, overtek eigedommen. Den 1. november 1902 brenn hotellet på Stalheim. For å koma fort i gang att med hotelldrift på Stalheim vart Meinhardt Hotell rive ned og frakta til Stalheim og sett opp att der. Fleischer's Hotell kjøper så grunnen der hotellet stod. (Takk til Gunnar Hemre Ringheim for god og velvillig hjelp med å skaffa opplysningar).