© Sverre Lillegraven

 


Johnsen Hotell 1889:


Eigar av biletet: SL
Fotograf: Axel Lindahl. Fotografi nr. 2392
Dette biletet er eit av ein serie på tre originalar som eg fekk kjøpt for nokre år sidan. Bileta var prenta frå glasplater på papir i 1890-åra, av fotografen sjølv.  Samtidig legg eg også ut dei to andre fotografia, nr. 2393 og nr. 2394. Den grå bygningen nedanfor Johnsen Hotell var vognhuset og stallen til Fleischer's Hotell. Stallen medførte mykje stank og bråk for folka på Johnsen Hotell og Kjellers Hotel. Det vart påstått at Fredrik Fleischer plasserte stallen her med omtanke, for å skræma eventuelle gjester over til sitt hotell.