|

© Sverre Lillegraven

| |
Då eg tok til å legga ut gamle fotografi på internett i 2005,
var det også med tanke på å legga ut ei gjestebok. Diverre aksepterte ikkje
internettservaren den programvara som gjesteboka var laga i. Eg får iblant inn
merknadar til dei utlagde fotografia og websidene, og vil no legga dei
merknadene som omhandlar Voss ut her. Samtidig vil eg gje avsendaren beskjed om det, slik at eg kan
fjerna meldinga om vedkomande ynskjer det.
22.01.10 mottok er e-posten nedanfor. Er det nokon som veit
om fotografi frå desse skiferbrota?
Hei,
Etter å ha kikka på den fine heimesida di med historiske foto frå Voss lurer eg
på om du kan hjelpe meg med ein ting.
Det eg lurer på er om du veit om det eksisterer bilete frå skifterdrifta nede
ved Lønavatnet kor det gjekk løypestreng ned frå fjellet med skiferbrudda. Eg
har vore på leiting ei stund etter dette, men veit som sagt ikkje om det
eksisterer bilete. Eg har sett at det fins ei bok om skiferdrift på Nordheim,
men har ikkje funne så mykje om drifta på Klondyke og området der. Det var vel
A/S Lønehorgen Skiferbrud som hadde drifta på Klondyke og Klepp på Lønahorgsida
om eg ikkje tar feil
Om ikkje du kjenner til dette, så har du kanskje tips til meg kor eg kan leite
vidare?
Vennleg helsing
Silje Een de Amoriza
05.02.08 mottok eg fylgjande e-post frå Walter Thorsen:
"Hei.
Det var et tredje hotell på Oppheim i 1890 åra, bygget rundt 1890 og het The
Lady Brasseys Hotel. Bilde av hotellet finnes bl.a Årbok for
Vossestrand Sogelag "Gamalt frå Strondè" 2005. Utrolig, ikke sant?
mvh
Walter Thorsen"
Frå Per Husdal har eg fått denne e-posten:
Hei!
Det er ei flott side du har, men det er lite frå Vossestrand.
Sjå innom
http://husdal.org/fotogamle/index.htm for å finna meir.
Set gjerne ein link (peikar) til sida!
Helsing Per Husdal
07.05.09 mottok eg denne e-posten frå Gunnar Hemre
Ringheim:
Fyrst må eg få gje honnør til den flotte heimesida di.
Reidar Ringheim tipsa meg for lenge sidan om denne, og eg har vore innom mange
gonger. Burde teke kontakt før, men slik er det .... Kjekt å sjå kommentarane
om Adler'en på trykk. Tenkte eg skulle seia litt om den andre bilen du har lagt
ut (Nerhovde-bilen):
Denne Opel'en var i si tid den fyrste rutebilen som høyrde heime på Voss. Han
vart innkjøpt av Fleischers Hotell i 1911, og gjekk ein sesong som rein
hotellbil før han vart innlemma i A/S Voss Automobilselskap. Der fekk han
intern-nummer "4", og i 1913 fekk han reg.nr. R-23. I 1925 vart han seld til
handelsmann George Rokne på Vangen, og ombygd til lastebil. I 1930 vart han seld
til Karl Nerhovde, Granvin og registrert på R-6174. I 1932 er han rapportert
hogd i Granvin.
Har 22.09.09 motteke denne
e-posten frå Sigmund Femtegjeld:
Hei
Det er med stor interesse jeg har sett bildene du har lagt ut av hotellene på
Voss.
Når det gjelder bildet med tekst: Framnes 1915, vil jeg tro og mene at det er
Framnes Folkehøyskole på Vikøy ved Norheimsund som er avbildet og ikke Framnes
Hotell. Vil også legge til at min Oldefar, Johannes Lofthus, en tid drev Framnes
Hotell.
Sigmund Femtegjeld
Moss
(Hyggeleg å få e-post og respons på sida. Særleg dersom
eg har gjort noko feil, er eg glad for å få beskjed om det. Men dette biletet
som det her er snakk om, er frå Framnes ved Oppheimsvatnet. Der om er det nok
ikkje noko tvil. SL.)
|