© Sverre Lillegraven

 


Opkvitnes Urforretning:

Foto utlånt av Reidar Ringheim
På trappa til barakka står urmakarane Ivar Ringheim og A. K. Midtun.  A. Opkvitnes Urforretning var skipa i 1896 av A. Opkvitne og helt då til i
Brødrene Ramsdal sitt hus i Vangsgata. Forretninga vart teken over av I. M. Ringheim og A. K. Midtun i 1911. Båe hadde gått læretid si hjå
Opkvitne. Dei miste alt under bombinga i 1940, og fekk sett opp brakke på gamle torget.

Biletet er teke hausten 1940. Heilt oppe til venstre kan ein sjå litt av Enkeheimen. Dette huset vart flytta i 1953 . Det kvite huset ved sida av
var trafokiosken på Vangen, og det litt skeive hus ved sida av det att, var snikkarverkstaden til Gjerde Bruk. Til høgre i biletet står Dolvehuset,
som hadde vorte noko skada under bombinga. På hjørna ser ein skiltet til urmakar Knut Bye. Litt til høgre utanfor biletet hadde dei tyske
okkupantane sett opp den store I-hallen sin med bilverkstad. Sjå bilete av den her. Dei to bilane på biletet tilhøyrde tyskarane.
Takk til Reidar Ringheim for biletet og for informasjonen overfor.