© Sverre Lillegraven

 


Riving av barakka til Voss Musikkhandel:


Har du merknad, eller informasjon om bileta; ver venleg ta kontakt på fotogran@online.no
Reidar Ringheim, som har lånt meg bileta, har også hjelpt til med opplysningane nedanfor. Bileta skal vera frå ca 1950, og viser rivinga av ei av dei mange barakkene som vart sett opp etter bombinga av Vangen. Til høgre i biletet ser ein forskalinga til nybygget til Grøndahl. Familien Grøndahl hadde tidlegare hatt huset sitt der torget ligg no, link her til bilete av det midlertidige huset deira der. Mange av huseigarane fekk etter krigen tomter på heilt andre stader på Vangen enn der dei tidlegare hadde halde til. For Grøndal var det nærmast eit bytte frå ei torgtomt til ei anna, for det gamle torget låg der byggeplassen er på bileta. På det øvste biletet ser ein konturane av den gamle torgbygningen i sot etter brannen, mot den kvite veggen. I dette litt smale huset heldt Aksjebakeriet til, med Borghild Rene som styrar. Dette betonghuset har truleg virka som ein brannmur, og hindra at bygningen bakom også brann ned. Dette tilhøyrde Voss Handelslag, og bygningen hadde tidlegare vore Gjøsten's Hotell. Huset heilt i bakgrunnen på det øvste biletet tilhøyrde tannlege Nesheim. Huset vart seinare seld til Tvilde Fargehandel, som reiv huset og sett opp nytt bygg på tomta.