© Sverre Lillegraven

 


Stalheim Hotell 1885:

Fotograf: Knud Knudsen
Eg har funne biletet i Knudsen- samlinga på Universitetet i Bergen. Det er datert 01.01.1880- 31.12.1882, noko som må vera galt, ettersom hotellet fyrst vart sett opp her i 1885, av Joh. Andersen. Han dreiv  frå 1883 til 1885 Jernbanehotellet på Vangen. Det har vore skrive at det var Andersen som eigde Jernbanehotellet, og flytta det med seg her til Stalheim. Desse opplysningane har eg tidlegare referert på denne sida, men dei er ikkje korrekte. Det var Sjur Fadnes som eigde hotellet, og det vart verande på Vangen. Men i 1902 vart det flytta til Stalheim etter at hotellet her brann.
Fotoet er teke frå austre pynt av stupet, og viser vegen som gjekk framom hotellet. Truleg vart denne bygningen bygd inn i det nye hotellet til Albert Petterson.