© Sverre Lillegraven

 


Stalheim 1888:

Foto: SL
Tidlegare heitte denne bygningen Jernbanehotellet og stod rett utanfor Fleischers Hotell. Etter at Fleischers utvida stort, vart Jernbanehotellet litt utkonkurrert, og eigaren Joh. Andersen flytta då Jernbanehotellet til Stalheim i 1885. Hotellet hadde ved opninga 40 sengeplassar. Som ein ser, gjekk køyrevegen framom hotellet. Det er litt uklart kva som skjedde med hotellet, men 1888 tok svenske Albert Petterson over, og han tok i 1890 til å bygga eit nytt og større hotell, som var ferdig våren 1892.