© Sverre Lillegraven

 


To bilete av Austre Vangen, frå Kyrkjetårenet:


Begge fotografia er utlånt av Reidar Ringheim
Det øvste biletet, som viser gamle Vossegata, er frå før krigen, truleg frå 1930-talet. Nedste biletet er teke i 1960. Når ein siktar etter kyrkjetårnet, ser ein korleis den nye gata på Vangen, som fekk namnet Vangsgata, har fått eit anna løp, meir i same retning som taket på kyrkja. Det viser også korleis mange av dei bygningane som ikkje brann under bombinga har vorte flytt på for å få til det breie gateløpet. Likeeins ser ein på biletet frå før krigen at Enkeheimen har vorte flytt seinare. Voss hadde eit del handverkarar som etterkvart vart eineståande flinke til å flytte hus.

Den som flytta dei fleste var byggmeistar Lars Eltrvåg og arbeidsfolka hans. Dei fekk  til å flytta bygningar medan folka budde i dei, samstundes som dei brukte straum, vatn og kloakk. Karane hadde og ein teknikk som gjorde at dei slapp å riva dei mura pipene i husa. Dermed kunne det fyrast i omnane medan husa vart flytte. I tillegg til at husa vart flytta, vart dei også heva opp til 1.5 meter, for å gjera dei mindre utsett for høgt flaumvatn. Til det brukte dei 70 000 kubikkmeter fyllmasse. Det mest krevjande huset å flytta var Handelslaget, det vart både dreia rundt og flytta 9 meter, alt medan handelen gjekk som vanleg. Dei husa som derimot ikkje vart flytta på er Simonhuset og dei andre husa på Torget, dei vart rivne.