|
© Sverre Lillegraven

| |
Vangen 1950:

Fotografiet er lånt ut av Reidar Ringheim
Til høgre i biletet kan ein sjå den nye Uttrågata, framleis som ein grusveg utan
asfalt. Stikkene viser kvar fortauet skal gå. I bakgrunnen er
Ungdomshallen, med inngangspartiet som seinare vart rive for å gje plass til
Uttrågata. Til venstre ser
ein litt av huset til Avhaldskafeen, framfor det
ein lagerbygning til Voss Handelslag, som også eigde det lange, låge skuret. (Link
her til bilete av rivinga av lagerbygget.) Heilt til venstre kan ein sjå
baksida av barakka til Opkvitnes
Urforretning, og i framgrunnen tomta til forretningsbygget til M. O. Mølster.
|