© Sverre Lillegraven

 


Voss 1884 og 1895 - to fotografi:


Eigar av begge fotografia: SL
Fotograf: Axel Lindal. Det øvste fotografiet er nr. 327, det nedste nr. 2948
Send gjerne merknad om bileta til: fotogran@online.no

Det nedste fotografiet må vera teke frå balkongen i tredje etasje i det nye Fleischer Hotel, som vart ferdig i 1889. Det øvste er teke frå bakkenivå. Sjølv om bileta viser omlag det same området av Vangen, er dei difor ikkje heilt samanfallande. Men det er likevel lett å sjå endringar i landskapet. Det gamle kappelanshuset, som ein ser greitt i midten av fotografiet frå 1884, er nesten gøymd bak tre og buskar i 1895. Dette huset brann under bombinga i 1940. Nain har vorte bygd i mellomtida. På det nedste biletet er det kranseskål på Prestegård's Hotel litt til venstre for kyrkja. I biletet frå 1884 står eit anna, mindre, hus på den staden. Frå tidlegare har eg med eit utsnitt av fotografiet som viser betre dette området. Sjå også Axel Lindal sitt fotografi nr. 326, som truleg er teke same dagen som det øvste fotografiet.