|
© Sverre Lillegraven

| |
Voss Bolmsterhandel:

Fotografiet er utlånt av Reidar Ringheim
Har du merknad, eller informasjon om biletet;
ver venleg ta kontakt på fotogran@online.no
Fotografiet er truleg teke hausten 1940. Bygningane ein ser på dette fotografiet, låg der torget på Voss er no. Alle
husa er i dag vekke, bortsett frå det ein så vidt ser taket av heilt bakarst,
med ark. Det er Hålandshuset, som har vorte pussa opp i seinare år. I
barakka på biletet ser ein Voss Blomsterhandel til høgre, seinare flytta Voss
moteforretning inn i lokalet til venstre. Barakka vart sett opp på tomta etter
eit bustadhus som familien Grøndahl kjøpte før krigen, og som brann
under bombinga av Vangen i 1940. Sota etter brannen kan ein framleis sjå på muren til
høgre i biletet. På trappa sit fru Grøndahl, som også dreiv blomsterhandelen.
Huset til venstre tilhøyrde Kluck Konditori. I fylgje Reidar Ringheim heldt
Fotograf Braathen til i ei nabobarakke til høgre, ein skimtar så vidt vassborda
til huset.
|