|

© Sverre Lillegraven

| |

Langabrue 1892
Strandavegen 1892
Rongsfossen 1911
Mønshaugen 1911 Flatlandsmo
1908
CAFÉ BREIDABLIKK:
I 1892 sette Johan
Fleischer og Ludvig Pettersen opp Café Breidablikk ovanfor Jernes. Her var det
vidt utsyn, og det var høveleg med ein dagstur for gjestene på f.eks. Fleischers
Hotel. Kafeen var open om sumaren, men drifta var ikkje alltid like lønsam. Den
vart fleire gonger seld, men var i drift dei fleste åra fram til 1940. Mange år
tidlegare laga Katarina Kølle frå Ulvik ein akvarell frå utsiktspunktet.

Café Breidablikk ca 1892 Café Breidablikk

Utsyn frå Breidablikk 1907
Akvarell frå Breidablikk
MILITÆRLEIRAR PÅ VOSS.
Frå slutten av 1800-talet
vart militæret i dei indre og midtre delane av Vestlandet samla på Voss. I 1882
leigde staten 800 mål på Tvildemoen og gjorde området om til eksisplass for
Hardanger Bataljon. I 1894 vart 1200 mål på Bømoen oreigna,
og då leiren var utbygd i 1898 tok Sogn Bataljon til å halda øvingane sine her.

Tvildemoen 1904
Soldatheimen 1908

Bømoen 1920 Bømoen 1914
VOSSASTRONDE:
Etter tidlegare å ha
vore ein del av Voss herad, vart Vossastronde eige herad
i 1869. Frå 1964 vart Vossastronde på nytt ein del av
Voss kommune. Før opninga av Bergensbanen gjekk postgangen mellom Bergen og Oslo gjennom
Vossastronde, Gudvangen, Lærdal og Filefjell.

Eigar: SL Eigar: SL
Vinje ca 1907 Vinje ca 1907
Eigar: Jon Kolskår
Eigar: SL
Myrkdalsvatnet ca 1910 Myrkdalen ca 1900
   
Postkort frå Myrkdalen
EVANGER:
Tidlegare høyrde Evanger til Vossaveldet, men i 1885 vart det utskild som eige herad.
Frå 01.01.1964 vart Evanger, mot folkeviljen, lagt inn under Voss att, medan Bergsdalen og Eksingedalen vart overførte til Vaksdal.
Vinteren 1923
brann tettstaden Evanger nesten ned til grunnen. Berre kyrkja og nokre få hus
vart berga. Alle bileta eg har frå Evanger er frå tida før brannen.

Eigar: SL
Eigar: SL
Eigar: SL
Evanger ca 1900
Evanger 1906
Evanger 1907

Eigar: Jon Kolskår
Eigar: Jon Kolskår
Eigar: SL
Evanger 1907
Evanger 1908
Evanger 1907
|