|
© Sverre Lillegraven

| |
Vossegata våren 1945:

Foto utlånt av Reidar Ringheim
Biletet er frå fredsdagane 1945. Ein alkoholpåverka tysk soldat har hamna med
bilen oppå fortauget framfor barakka til O. K. Loven. Det er usikkert om han
feira gleda over at krigen var slutt, eller drukna sorgene over at tyskarane
hadde tapt. Som omtrent alle andre bilar i dei dagar, gjekk heller ikkje denne på bensin, men
på ubrent branngass frå ein ved-generator. Bak på bilen kan ein sjå ein svart
kasse, ein slags omn. Oppi den brann det smått oppkappa ved, som vart kalla
knott. Gassar frå denne "omnen" vart så ført fram til motoren. Dersom nokon
skulle køyra ein tur, måtte ein difor fyrst få nokolunde fyr på knotten. Bale
var det, og fort gjekk desse bilane visstnok heller ikkje.
Heime hjå oss hadde
me på den tida ein viss produksjon av knott. Når veden var turr, vart den kappa
opp til knott, små kuber av vedbitar på 8 - 10 cm, og knotten vart så tømt i ein slags silo, inne i løa. Når bilar kom
forbi som trong meir drivstoff, vart det opna ei luke i botnen av siloen og
knotten rann ned i sekker. Ein kunne kanskje kalla det for ein "knottstasjon", ein slags
krisevariant av bensinstasjonen.
|